Sveio Reiseliv

Reiseliv , hytter ,kultur og overnatting i Sveio

Økland gård og hytteutleige

Me har 2 utleigehytter som ligg i skogsterreng og med fin utsikt over Valevåg, mot Stord og Kvinnherad.

I hyttene kan du nyte stillheten og naturen omkring deg.

Hyttene er 53 m² store og har 1 dobbelt soverom og 1 soverom med 4 køysenger, dessutan ein stor hems.

Det er eit stort opphaldsrom kombinert med kjøkken. Hyttene har dusj, wc, vaskemaskin, bod med frysar og ein delvis overbygd terrasse. Byggeår er 1994.

Leige pr. veke: Høgsesong kr. 3.600,-, midtsesong kr. 3.000,-, lågsesong kr. 2.300,-.

Båt med motor kan leigast. Gode fiskemulegheter, fint turtereng.