Sveio Reiseliv

Reiseliv , hytter ,kultur og overnatting i Sveio

Opplevingar

Variert natur og frisk luft – det er to viktige ingrediensar i dei opplevingane Sveio kan tilby. Her kan du fiske, gå turar, padle, segle, bade og dykke – og mange andre ting. Eller berre sitja i solveggen på hytta, og kjenne etter kor godt det er å være til. Me vil visa deg nokre mulegheiter i kommunen vår:

Victors Naturpark

Sørover fra Stavanger/Aksdal følger man E-39 og tar av over bro mot Bergen. Kjører deretter gjennom tunnel ved Fjon og fortsetter fem kilometer.  Tar av ved skilt til Kvalvåg, kjører over bro og etter ca en kilometer ser man anlegget. Når man kommer ned bratt bakke på den andre siden av fjorden svinger venstre fire hundre meter svinger høyre da...

Området rundt golfbanen

Her fins mange fine turvegar som er opne for almenn ferdsel. Fin utsikt til store delar av Sveio og fjellheimen i Sunnhordland.

Gullstien

Sti i lett terreng frå Buavåg til Hovda. Følger gamle stiar mellom gruvene og utvinningsplassen. Rundturen er ein del av Nordsjøløypa.

Forevatnet

Lett sti rundt vatnet. Løypa går forbi gravhaug på Istertveit. Halve turen går på gang/sykkelsti.

Bjellandsvatnet

Fin sti i lett turterreng rundt våtmarksområdet på Bjelland (naturreservat). Fugleobservasjonshus.  Skilta avkjøring frå riksveg 47.

Storavatnet

Fin turløype (1-2 timar) rundt Storavatnet ved Auklandshamn. Start ved samfunnshuset eller friluftsområdet Slettene på Mjånes/Økland.

Rundløype i Førde

Natur- og kulturløype i lett terreng. Fotturen i Førde er variert og spanande, og kombinerer skogstur med vandring i trivelig bygdemiljø. Bilvandringsrute med kart og beskrivelse kan kjøpast i turistinformasjonen i Sveio sentrum. Parker i Førde ved kyrkja eller skulen. www.carwalks.com/Fottur1A.htm

Børshovda

1/2 time til toppen som er 186 m.o.h. Gamal, særmerka skog. På toppen er det restar etter bygdeborg frå folkevandringstida. Stien startar på skogsvegen, som tar av frå fylkesveg 1 ved Røykenes. Lett løype som kan kombinerast med tur rundt Mørkatjørna.

Emberlandsnipen

Tre alternative tilkomstvegar: Frå Auklandshamn (slakk stigning), Emberland eller Sætre (brattare). Toppen er 271 m.o.h. Flott utsikt over Bømlafjorden og Sunnhordland. 1 – 2 timar, etter kva for utgangspunkt ein velger.