Sveio Reiseliv

Reiseliv , hytter ,kultur og overnatting i Sveio

Ryvarden Kafé og Selskapslokaler

På Ryvarden kulturfyr finn du Galleri Ryvarden, eit kunstatelier, Flòkemuseet og ein representasjonsbustad. Her er det kafé på utstillingsdagane og selskapslokaler til leige.

Ryvarden fyrstasjon vart oppretta i 1849. Etter at fyret vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane fått nytt liv som kultursenteret Galleri Ryvarden. Galleriet har skiftande utstillingar frå april til desember, og er blitt eit populært utfartsmål i distriktet. Det er 2 km å gå ut til fyret, på god grusveg.

Urørt, vakker og vill natur – der hav møter fjord

Om havet frådar eller ligg blikk, kjem du i nærkontakt med naturen her ute. Er årstida den rette, kan du høyra orreleiken bak husa samstundes som du ser havfuglane segla på oppspente vengjer. Her finn du ro medan Flòke sine ramnar skrattar løyndomsfullt i bakgrunnen.

Populær utfartsstad for heile Haugalandet

Varierte kunstutstillingar av høg kvalitet. Ny salsutstilling blir opna den første søndagen kvar månad i perioden frå påske til jul.

Sveio kommune deler ut Ryvardenstipendet ein gong kvart år. Stipendet delast ut til norske og islandske kunstnarar. Stipendet er på kr. 20.000 og om lag ein månads opphald på Ryvarden.

Kafé på utstillingsdagar

Treng du litt varme, eit godt måltid eller berre ein kopp kaffe med noko lite til? På utstillingsdagane er det open kafé, men det er og mogleg å leige staden til små og store selskap, kurs og konferansar.

Flòke-museet

I den islandske sogeboka Landnåmsboka vert det fortalt at oppdagaren Floke Vilgjerdsson bygde ein varde på Ryvardsneset i år 868, før han drog vest over havet for å slå seg ned på Island. Historia er er illustrert i eit lite museum ved galleriet.

MEIR OM RYVARDEN:

Ryvarden stod der den gamle og grensa mellom Rogaland og Hordaland fylker gjekk, litt nordafor der fylkesgrensa er i dag. Ryvardsneset, også kalla Mølstrevågsnes, ligg i den sørvestre delen av Sveio kommune. Varden har vore eit seglings/kjennemerke i over 1100 år.

Det er naturleg å setja førsteleddet Ry i samanheng med Ryfylke, der folkenavnet i gamal tid var rygir, truleg av rugdyrking. Frå gamalt av var navnet Rygjavarden, som kan bety at den blei bygd av ryger (rogalendingar). Men dette er usikkert. Navnet kan óg sjåast i samanheng med rå i tyding grenseline.

Navnet inneheld også varde, som betyr opplagde steinar, som tener som merke av forskjellig slag. Til dømes grensemerke, sjømerke eller minnesmerke.

Frå gamle kjelder finn me følgjande omtale av staden: «Ryvarden ligg på den ytterste, nokonlunde høge knausen på neset, 36 meter over havet. Røysa er bygd av frittliggjande rundaktig gråstein (kamp), og er 6 meter i tverrmål og 0,75 m høg – men er no mykje øydelagt. Eit leikerom er laga i sjølve røysa, og mange steinar er kasta utfor knausen mot aust. Ein varde er dessutan bygd nordafor».

Etter denne nedteikninga ser det ut til at det på Ryvardsneset frå først av var bygd ei bronse- aldergrav – truleg fleire tusen år gamal. Kven som er gravlagt her kan me berre spekulera på – kanskje ein mektig person som har forlist her i dette vêrharde området?

Slike store steinrøysar som ligg i utmarka, på nes og holmar – gjerne langt frå folk – kallast kystrøysar. Dei eldste kystrøysane blei bygd i eldre bronsealder (mellom 3.500 og 3.000 år sidan). I enkelte er det gjordt funn som kan daterast, men som oftast er det berre tomme gravkista att. Både levninger av den døde og det han måtte ha fått med seg i grava er vitra bort. Vatn og luft har hatt lett tilgong til gravkammeret gjennom steinane i røysa. Gravrøysane er dessutan ofte blitt plyndra.

Me kan undrast på kvifor folk valde slike avsides stader til gravplass for dei døde, særlig når ein tek omsyn til alt arbeidet og den manglande praktiske nytta. Avsides låg minnesmerka for dei som hadde sitt utsyn frå garden. Men for dei som kom sjøvegen – og det gjorde dei fleste på den tida – låg gravrøysane sentralt. Ryvardsneset er godt synleg frå sjøen, og skipsleia gjekk like utanfor. Denne gravrøysa har såleis vore eit godt synleg landemerke for sjøfarande til alle tider. Røysa er diverre blitt mykje øydelagd i seinare tid, steinane er blitt brukt til andre føremål.

I den islandske sogeboka Landnámabok blir det fortalt at oppdagaren Flóke Vilgjerdsson bygde ein varde «par er mætist Hordaland ok Rogaland», og varden blei kalt Flókavardi. I boka Historia Norvegica (1711) går det fram at dette navnet framleis var i bruk, men bøndene brukte Ryevarden om same staden.

Dei fleste historikarane går ut frå at Flóke budde inne i Viksefjorden der garden Straumen no ligg. Forminnefunn som er gjordt her tyder óg på det. På denne garden, som ligg ved den noværende fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland, står det framleis ein bautastein. Denne skal etter historia være ein av to, som blei reist av Flóke Vilgjerdsson. Han haldt først blot til guden Odin, og mana kraft i tre ramnar før avreisa til Island i ca 868. Den andre bautasteinen ble nedriven i 1911, og skoten sund for å bli brukt som overliggar for ei dør i skuten (fjosmuren) på garden.

Men Ramna-Flóke blota meir. Medan han framleis venta på god bør, blota han og let byggja ein varde ute på neset. Denne varden vart kjent som Flókavarde, og plassen vart seinare kalla Ryvardsneset. Det er godt truleg at Ramna-Flóke bygde ein varde på neset, men det er óg rimelig å tru at det allereie før år 868 var eit seglingsmerke på ein så strategisk stad.

Me kan i ettertid stilla oss uforståande til historia som fortel at Ramna-Flóke drog til Ryvarden for å venta på bør. Ein stad med dårlige havneforhold, og berre ein times rotur frå den gode havna i Viksefjorden. På garden Straumen tolkar dei den gamle historia slik at Flóke drog til Ryvarden for å halda utkikk etter høvelig seglingsvind. Johannes J. Hagland er elles ein av dei som har hevda at restane av den gamle Flókavardi er å finna på Smørsundneset, like sønnafor Ryvardsneset.

I ufredstider først på 1800-talet blei Ryvarden brukt som signalstasjon for marinen med fast mannskap stasjonert. Eit slags fyr skal det også ha vore før Ryvarden fyr blei bygd. Først ei bekgryte med open flamme som viste sjøfarande veg, sidan eit lite skur med lys i.

I 1849 bestemte Fyrdirektoratet at det skulle byggjast eit fiskefyr på Ryvardsneset. Fyret, som dengong berre var ei lita tømra stove på 2,6 m i firkant, blei plassert like ved den gamle varden. Sjølve fyrapparatet var berre ei vegglykt, men den hadde fri utsikt utover Sletta og Bømlafjorden. Fyret skulle være tent i vårsildfisket, frå 21. desember til 1. mars, men det kom snart krav frå dei sjøfarande om lengre brennetid for fyret. Frå 1852 vart det derfor leifyr (mindre fyr som skulle tryggja seglasen mellom øyar og skjer heile året).

«Ryvarden Fyr. Dette er plasert tæt ved den Samesteds staaende Varde, og sees fra Lyngholmen ud over Fjorden til Smørvigodden» stod å lesa i ei kunngjering frå 1849.

Utover 1800-talet blei det gjordt fleire utbetringar. Fyrdirektør Diriks gjesta Ryvarden fleire gonger kring 1850, og merka seg spesielt den gamle, mosegrodde steinvarden på staden. I 1861 blei det sett opp ein ny og større bygning. Då blei den gamle varden riven av folk frå Mølstrevåg, og brukt som grunnmur i den nye fyrbygningen. Carl F. Diriks blei svært arg og skreiv blandt anna:

» Hver gang jeg har vært på Ryvarden, en pynt som skiller Stavanger Amt fra Søndre Bergenhus, har jeg med interesse betraktet en gammel stenvarde som står eller stod der. Den var hverken stor eller kunstferdig reist, men det som i mine øyne gjorde den interessant, var dens tilsynelatende høye alder. Tykk mose dekket den fra topp til fot, så tett at man ikke kunne se åpningene mellom stenene. Den må være meget gammel, tenkte jeg, det skal århundrer til for å mosedekke seg slik – kanskje skriver den seg fra vikingetiden. Hvor mangt et langskib har den ikke sett dra forbi, hvor mange nasjoners flagg på reise til og fra Bergen. Hvor mange millioner sild har den ikke sett oppfisket så godt som ved sin fot. Kanskje har den også vært vidne til at Kong Magnus 7. Erikssøn gikk til bunns? Han druknet med sine menn i nærheten av Lyngholmen i 1374, omtrent en halv mil fra Ryvarden (…..)

Slike gamle varder, merker for seilløp og ankerplasser, finnes i mengdevis på kysten og blir overalt respektert av almuen. I 1861 kom jeg på ny til Ryvarden for å tilse oppførelsen av en ny fyrbygning. Da jeg kom opp på pynten, ble jeg stående som rammet av lynet. Varden, eller iallfall en stor del av den, var forsvunnet. Jeg forhørte meg straks hos arbeidsfolkene. Jo, – «steina var no tatt til syllmur (grunnmur) te fyrbygningen.» Barbarer, vandaler som med profane (vanhellige/blasfemiske) hender har ødelagt hva generasjon efter generasjon har respektert i tusen år! Min indignasjon var stor og bitter, men det kunne jo ikke nytte å la den gå ut over disse mennesker…

Til vandalane sitt forsvar kan seiast at folk på den tid ikkje var særleg opptekne av gamle minnesmerker. Truleg er steinar frå varden blitt brukt fordi dei låg i høvelig nærleik. Og ut frå den logiske betraktning at når det blei bygd eit nytt fyr, var det ikkje lenger bruk for det gamle seglingsmerke på same staden. Kanskje burde den gode fyrdirektør, som visste at det skulle byggjast nytt fyr, sagt klart frå at den gamle varden ikkje måtte rørast.

I 1891 var fyret utstyrt med ein Alladin lampe. I 1935 blei det bygd eit 6 m høgt tårn og installert tåkesignal på fyret. Samstundes blei det laga båtlanding med kran og montert løypestreng opp til fyret. Under krigen var fyrstasjonen ein svært viktig stad, da lyset frå fyret blei eit viktig taktisk våpen både for angriparar og forsvararar. Kvelden før 9. april 1940 kom det ordre om mørklegging. Allereie 11. juni 1940 okkuperte tyskarane fyrstasjonen og innkvarterte åtte soldater. Ryvarden var ein strategisk stad for okkupantane. Sidan fyret var siste utpost på fastlandet, hadde dei full kontroll med all båttrafikk som skulle vestover. Når engelskmenn kom forbi, blei lyset skjerma ut mot havet, slik at dei ikkje skulle finna landemerker. Hvis derimot tyske fartøy kom, skulle lykta tennast. Tyskarane forlot ikkje fyret før 11. mai 1945. Dagen etter blei det sett i full drift igjen.

Den første fyrvaktaren på Ryvarden var kjøpmannen i Mølstrevåg, Jon Mølstre eller Jo Berget i daglegtale. I 1935 var det oppført fyrmeisterbustad, fyrbetjentbustad med to husvære, uthus, låve og naust. Då kunne ein fyrmeister og to fyrbetjentar arbeida og bu her ute saman med sine familiar. Dette vesle fellesskapet hadde ei tid både høns, griser og ei ku. Det vesle som var av jord blei endatil oppdelt mellom familiane, slik at dei kunne dyrka sine eigne poteter og grønnsaker. Fyrmeisteren fekk dei beste åkerlappane føre assistentane. Klasseskilje gjekk att ved fordeling av bustader. Dyra var derimot eit slags fellesprosjekt, då det berre fanst ei lita løe. Busettinga var prega av hyppige skifte. Fyrbetjentar fekk seg arbeid andre stader, og nye kom til – ofte nordanfrå.

Det var nærast eit vilkår å vera gift for å få jobb. Staten såg det som sjølvsagt at fyrvaktar- konene tok del i fyrarbeidet utan betaling. «Kvinner var godt egnet til fyrets røkt» som det heitte. Arbeidet på fyret bestod av monotone arbeidsoppgåver. Eit kjedelig og einsamt liv oppdelt i vakter vil mange hevda. Observasjonar, rapportering, reingjering og vedlikehalds- arbeid høyrde med til dagens gjeremål. Folk var i tidligare tider også opptatt med å skaffa seg mat både på sjø og land. Seinare vart det slutt på husdyrhaldet og dyrkinga. Familiane måtte ofte proviantera for lengre periodar vinterstid pga. fare for langvarig uvær. Folk på Ryvarden hadde forholdsvis kort veg til butikken samanlikna med mange andre fyrstasjonar.

Naustet som tilhøyrer fyret ligg like inne i Hardinghålo i Mølstrevåg. Hamneforholda ute på neset er for dårlege til at huset kunne byggjast der. Sjøen er stadig så urolig rundt Ryvards- neset at fyrbetjent Mølstre sin robåt blei øydelagt ein sumardag, sjølv om den var oppheist i bommen.

Dei hadde ein lang og vanskeleg skuleveg borna frå Ryvarden. Først måtte dei ta seg fram i utemarka langs ein 2 km lang sti, deretter gå vegen opp til posthuset og venta på bussen der for å bli køyrd til Vandaskog. Dette kunne være hardt nok for små skuleungar vinterstid i stummande mørke, ofte med bitande vind, regn eller sludd. Ei av jentene, som måtte gå åleine ein periode, hadde sambandsutstyr med i skulesekken for å halde kontakt med mora undervegs.

Den siste moderniseringa skjedde i 1958. Då blei det lagt fram elektrisitet og bygd nytt bustadhus. Fyret fekk montert elektrisk lampe på 250 W som hadde rekkevidde 13,4 nautiske mil. Først i 1970-åra blei stien utbetra til traktorveg. Seinare vart det også muleg å kjøra bil ut til fyret. Vegarbeidet blei utført på dugnad av dei som då budde der ute, med økonomisk støtte (50/50) frå kommunen og Fyrvesenet. Etter at fyret blei automatisert måtte familiane som utgjorde det vesle fellesskapet på Ryvardsneset flytte for å finna seg nytt arbeid. Då hadde det vore 134 år samanhengande manuelt passa fyrdrift. Den siste fyrmeister Charles Skaar, drog frå fyret ein augustdag saman med kona Gunda etter 18 års teneste. Den aller siste vakta hadde John O. Mølstre. Etter å ha byrja som vikar i 1967 og seinare var blitt 1. fyrbetjent, tok han farvel med fyret 20. august 1984.

Det har skjedd mange dramatiske hendingar i dette vêrharde området gjennom tidene. Folk som opphaldt seg her har vore vitne til mang ei rystande oppleving både på sjø og land.

I 1863 skjedde det ei tragisk ulykke. To av fyrvakter Jon Mølstre sine folk skulle ut til Ryvarden på julafta med mat til folket der. Bakarsveinen og ein butikkbetjent blei sendt avgårde. På heimvegen kom dei ut i ein forrykande snøkave, gjekk seg vill i den veglause utemarka, og ramla utfor et høgt berg. Den skamslåtte butikkbetjenten klarte å krypa fram til folk, mens bakarsveinen blei funnen død attmed stupet dagen etter. Heime på Mølstre hadde dei rekna med at dei overnatta på fyret i den skrekkelige snøstormen.

Ei januranatt 1941 blei det skote og bomba mot Stora-Blokso like nord for fyret fordi tyskarane trudde det var ein engelsk ubåt. Dette førte til at koner og ungar måtte flykta inn til Mølstrevåg. Fyrvaktarane måtte derimot bli verande på fyret i vaktperiodane, fordi tyskarane ikkje kunne betjena lykta og tåkeluren.

Av dei mange skipsforlisa utanfor Ryvardsneset er havariet av HSD sin snøggåande katamaran M/S Sleipner den verste ulykka i dette området i nyare tid. Passasjerbåten grunnstøytte på Stora-Blokso 26. november 1999 kl. 19.08 i sterk kuling og tett mørke. I eit av dei mest dramatiske forlis i norsk sjøfartshistorie omkom 16 mennesker (av totalt 87) pga. drukning eller langvarig nedkjøling.

Det mange trudde ikkje kunne skje med vår tids navigasjons-, kommunikasjons- og sikker- heitsutstyr, hendte likevel. Det meste svikta denne kvelden då snøggbåten var undervegs frå Stavanger til Bergen. Etter å ha passert Ryvarden, kom båten ut av kurs og rende med stor fart på Stora-Blokso. Katamaranen blei først ståande fast på skjæret. Baugpartiet fekk så store skader at det seinare brekte laus frå resten av båten. Etter ca 30 minuttar dreiv båten av skjeret, blei fylt med vatn og sokk i løpet av eit minutt.

Det tok altfor lang tid før redninga kom. Dette skuldast fleire uheldige omstende: Begge dei næraste redningsskøytene, som er stasjonert i Langevåg og Haugesund, var på verkstad samstundes. Hovedredningssentralen på Sola hadde ikkje direkte tilgang til den inter- nasjonale naudkanalen, og det var ikkje redningsmannskap på kveldsvakt. Dermed gjekk mange verdifulle minuttar tapt før redningshelikopteret kunne letta. På grunn av det dårlege været kunne Luftambulansen i Stavanger ikkje ta av. Det var ingen andre båtar ved Ryvarden nett då havariet skjedde. Dessutan var snøggbåten sitt eige redningsutstyr mangelfullt.

Like etter grunnstøytinga var passasjerane forbausande rolege, men det vart panikk og kaos då båten sokk og alle havna i vatnet. Ein ufattelig kamp på liv og død utspant seg i sjøen like nordafor Ryvardsneset denne fredagskvelden i to til tre meter høge bølger, tett mørke og kulde. Det var uråd å få laus redningsflåtane, og mange passasjerar blei med båten mange meter ned i djupet før dragsuget gav slepp. Fleire var utan redningsvestar enten fordi dei ikkje hadde fått dei på seg, eller mista dei under oppdrifta på grunn av mangelfull montering (måtte festast med nylonsnor). Berre ein redningsflåte flaut opp. Den var så stor at den kvelva i den sterke vinden, og dei få som hadde kome seg oppi ramla ut.

Mange redselfulle historier kom fram under høyringa etter skipsforliset. Folk ropte og skreik, grein og spydde mens dei kjempa for livet overalt. Ei jente fortalde at ho måtte symja bort frå dei andre fordi ho fleire gonger blei dradd under etter håret. Ein flytande sofa, som ho hadde klart å koma opp i, måtte ho seinare forlata for å unngå kamp med ein annan som seinare kom til. Ho fraus mest ihjel fordi ho dermed var vanskelig å finna. Ei ung kvinne var så medtatt at ho ikkje klarte å halda fast i redningstrossa. Til sist beit jenta seg fast i tauet, og blei på denne måten dradd inntil skutesida. Etter redninga losna tennene hennar.

Det vart utvist heltemot og innsatsvilje på sitt aller beste. Ein matros tok av seg sin eigen overlevingsdrakt, og gav den til ein passasjer som mangla, med den følge at han sjølv omkom. Ein ungdom som tviheld på sin yngre bror i over ein halv time, men som måtte sleppa taket like før redninga kom. Den yngste omkom. Han som ba dei redda jenta han kjempa saman med først, og som dermed sjølv omkom. Redningsmannskap som havarerte i lettbåten, og som sjølv måtte reddast. Og me høyrde om den eldre dama som heile tida oppførte seg ganske stille, og som gjekk døden roleg i møte.

Den næraste båten var Askita, som hadde passert Ryvarden. Båten snudde og klarte å plukka opp 20 personar. Sjøfart (Røværekspressen) kom til og tok opp 13, Espeværekspressen (21), og saman med Sea-King helikopteret (21) blei dei fleste berga. Tilsaman overlevde 71 personar den største snøggbåt-tragedia i verda til no.

Grunnen til at så mange overlevde så lenge i sjøen skuldast at sjøtemperaturen til alt hell var fleire grader høgare enn normalt for årstida. Dette saman med at mange av passasjerane var unge og fysisk robuste hjelpte til at ikkje fleire menneskeliv gjekk tapt. Stortingspresidenten uttalte i ei av minnegudstenestene at Sleipner-ulykka er ei nasjonal katastrofe, og ei av dei største skipsulykker me har hatt i nyare tid. Dei sterke inntrykka har sett djupe spor hos overlevande og redningsmannskap, og mange må leva med marerittet i lang tid framover.

Ei anna skipsulykke i seinare tid er forliset mellom Bloksene og Ryvarden 29. mars 1947. Fred Olsen sin båt Sevilla på 2.200 tonn var på veg frå Bergen til Portugal med klippfisk og nikkel. I tåka blei skipet pårent av Clio, som tilhøyrde Det Bergenske Dampskibsselskab. Clio var på veg frå Brevik til Bergen med stykkgodslast. Båten brukte tåkelur i den tjukke tåka. Om bord på Sevilla trudde dei det var tåkeluren på Ryvarden. Dei slo derfor stopp i maskinen, og straumen la skipet på tvers i skipsleia. Dermed blei båten truffen midtskips. Av eit mannskap på 22 og 6 passasjerer blei 10 mann aldri funnen. Skipet ligg framleis på 40 meter djup.

Ca. 60 år tidligare forliste Tasso på veg fra Bergen til Hull. Dette var ein forløpar for våre dagars cruise-skip, og gjekk tapt saman med heile lasta. Mannskapet og passasjerene blei derimot redda.

5. januar 1976 blei alle 167 redda (av desse 29 skada) då ein annan av HSD sine snøggbåtar Sleipner grunnstøytte ved Håsgru, 1,5 nautiske mil frå Ryvarden. Båten rende med full fart mot holmen, og det kunne blitt ei katastrofe dersom båten ikkje hadde blitt ståande på eit skjer.

Den tyske isabåten Hilmar Bismarck gjekk på Glissholmane like før krigen, og blei sprengd med dynamitt for å berga mest muleg av lasta. I desember 1953 gjekk Rusken på Stora-Blokso. Etter fire timars kamp klarte mannskapet på sju å ta seg inn til Lyngholmen i ein overfylt livbåt. Men kaptein Godø frå Ålesund omkom av utmatting.

Dessutan har ei rekkje mindre båtar forlist eller grunnstøytt i dette vêrharde området. Av andre forlis i seinare tid kan nemnast båtane Bassen, Crux, Kongsborg og Fernbank.

Også mannskapet på ein tredje båt med navn Sleipner blei utsett for dramatiske påkjenningar ved Bloksene. 17. mai 1944 skaut tyskarane frå festningane sine på Nesheim og Hagland mot den vesle fiskebåten, som kom frå Mølstrevåg. Tyskarane trudde det var ein engelsk ubåt. Det hagla med grovt skyts like rundt båten. «No er me ferdige gut» sa Carl Fr. Mathiesen til sonen, for ingen kunne tru at dei ville overleva dette. Det var også eit mirakel at dei ikkje vart truffne. Etter samanhengande skotsalver med tungt artilleri (grove kanoner), kom fiskarane seg omsider i land på Raudholmen. Men skytinga fortsette, og fyrlykta fekk ein treffar. Så måtte dei påny i båten for å koma lenger unna. Først då den 25 fot gavlabåten kom halvvegs til Espevær, vart dei berga.

Etter avfolkinga på 1980-talet blei husa ståande tomme nokre år. Frå 1992 har Sveio kommune leigd området av Kystverket. Fyrbetjentbustaden blir brukt til kulturkafé med utstillingar av kjente kunstnarar (Galleri Ryvarden Kafé og Selskapslokaler), konsertar og også musikkstudio. Ryvarden Kulturfyr har utvikla seg til å bli eit landemerke på kunst- og kulturfronten. Ein fantastisk stad å spela inn plater ifølge visegruppa Vamp. Ryvarden er blitt eit populært utfartsmål for folk frå heile distriktet på grunn av den lette tilkomsten, spesielle atmosfæra og panoramautsika utover havet. I den gamle løa er det innreia museum, som syner historia om Ramna-Flóke. Fyrmeisterbustaden har fått høg standard etter restaureringa, og blir utleigd til kunstnarar eller andre overnattingsgjester.

Banda mellom Sveio og Island vert stadig tettare på bakgrunn av vår felles historie. Soga om Ramna-Flóke har alltid vore kjent på Island, og dei har t.d. kalla opp gater etter han. I samband med tusenårs-jubileet i 1998 for kristninga av Island gav bl.a. Sveio kommune titusen kroner til Snorre-senteret på Sagaøya.

Til minne om den gamle Ryvarden som vart riven, er det reist ein ny varde på Ryvardsneset der den gamle Flókavardi truleg stod. Den nye varden vart innvia jonsokafta 1994 av den islandske ambassadøren i Noreg, Eidur Gunadson.

Tilsvarande er det reist ein varde bygd av Sveio-stein i Hafnarfjödur. Denne staden drog Flóke forbi på si første reise. Hafnarfjödur er no blitt vår venskapskommune, og det er ønskeleg å auka samarbeidet over landegrensene i framtida spesielt når det gjeld reiseliv og kultur.

Kjell M. Bua
Eltravåg
jan/00

Litteraturhenvisning:
– Sveio gards- og ættesoge, bind II
– Kulturhistorisk Vegbok for Hordaland
– Norske fyr av Ove Olderkjær
– Diverse artiklar i Hgsd. Avis, Aftenposten og Vestavind – Diverse utklipp og notater frå formannsk.sekr. og kulturkonsulenten i Sveio