Sveio Reiseliv

Reiseliv , hytter ,kultur og overnatting i Sveio

Selsaas Hytteutleie

Huset på Selsås ligg i eit gardstun med to hus og låve.

Huset har garasje i underetasjen, her er det ein stor fryseboks. Første etasje inneheld stove, kjøken, gang og bad med dusj og toalett. Andre etasje inneheld to soverom (dobbelseng + tre enkle senger).

Det er også ein usjenert terrasse med hagemøbler og grill.

Frå hytta er det 600 meter til sjøen, der finn ein eit idyllisk område, med ei fin lita sandstrand. Området inneheld òg privat kai med båt, naust med opphaldsrom, benker og bord samt grill.

 

Rundt hytta er det flott turområde, med mange stiar og vegar som innbyr til flotte småturar.