Sveio Reiseliv

Reiseliv , hytter ,kultur og overnatting i Sveio

Solstrand Hytteutleige

To hytter. Solrikt og flott utsikt. Godt høve for fiske og bading. Båt til leige. Godt tilrettelagt hamn. Bra utgangspunkt for turar i område mellom Bergen og Stavanger.

Hyttene

To hytter som ligg tett ved sjøen. Storleik 36 m2 . Daglegrom med kjøkenkrok. 2 soverom max 6 soveplassar. Dusj og toalett i kvar hytte. Fryseboks. Parabol-TV. God terrasse mot vest med fin utsikt over Bømlafjorden. Solrikt. P-plass ved hyttene.

Fiske

Godt høve for fiske i både sjø- og ferskvatn. Båt 15,5 ” med motor 9,9 PS. Større båt 22 ” med dieselmotor. Godt tilrettelagt hamn for både båtar og opparbeiding av fisk.. Røykomn. Eiga fiskebod for turistar. Når det er mykje vind, er det mogleg å fiska i lè av øyane.

Turar i område

Auklandshamn er eit sentralt utgangspunkt for turar i kommunane mellom Bergen og Stavanger. Sveio sitt vakre og varierande kystlandskap er for det meste lett tilgjengeleg mange fine merka turstiar. Tur til Ryvarden Fyr med flott utsikt over havet. Ein av landets beste golfbanar ligg i Sveio Sentrum.

Handel

Til kolonial vel 1 km. Avstand til næraste by ca 30 km, Haugesund.

Nyttig info

Ta med regntøy, støvlar og varme klede. Det kan vera kaldt og regnvêr på kysten, spesielt ute i båt, også sommarstid.
Det er viktig å ha reiseforsikring, ein veit aldri kva som kan skje på ein ferie.