Sveio Reiseliv

Reiseliv , hytter ,kultur og overnatting i Sveio

Nordsjøløypa i Sveio

Frå Mølstrevåg via Ryvarden, Lyngholm og Eltravåg til Buavåg.

Løypa startar i Mølstrevåg ved å følgja grusvegen ut til Ryvarden Fyr. Den merka stien byrjar ved utemarksgarden på Ryvardsneset, like ved minnesmerket over dei omkomne i Sleipnerforliset. Det er ei lett turløype, som går gjennom eit kystlandskap som enno ikkje er tilgrodd med buskar og kratt. Det er fin utsikt frå stien, både til lands og utover den mykje trafikkerte skipsleia. Turen tar omlag to timar til Lyngholm. Avstikkarar er varda.

Mølstrevåg var tidlegare mykje nytta som hamn for båtar som trong ly for den vêrharde Sletta. Her var m.a. gjestgjeveri og handel frå siste del av 1600-talet. Seinare også post- og dampskibsekspedisjon, bakeri og skysstasjon. Tidleg på 1900-talet var her ein sardinfabrikk, eigd av K. J. Vandaskog. Seinare har det vore sildoljefabrikk med forskjellige eigarar. No er fabrikkområdet eigd av Ølen Betong AS. Det var her dei første personane etter Sleipner-forliset blei tatt i land.

Turen startar på god grusveg (2,5 km) ved betongvarefabrikken. Parkering ved fabrikken eller på utfyllinga i Skjeljavikjo. Like nedanfor vegen står restane etter kvernhusmurane. Møllesteinane var her like til 1960-70. Dammen (vassbassenget) ligg her enda, like ved vegen. Dette blei óg brukt til vassforsyning til fabrikken.

På veg utover kan ein studera dei fine steinmurane, som framleis er i god stand. Det var rikelig tilgong på god murestein frå steinbrotet lenger ute i Mølstrevågen. Dette brotet blei starta av Carel Fredrikk Henrikson frå Värmland, som var eigar av Mølstrevåg frå 1881. Stein herfrå er brukt i Rådhuset, Sjukehuset, Garpaskjerkaien og delar av Indre Kai i Haugesund. Ein del granittstein blei oså skipa ut til andre land.

Vegen går langs ei slette, som er dyrka av Johannes Simonsen. Han var også fyrvaktar på slutten av 1800-talet. I enden av sletta går det ein sti til Hardingehola, der det fins fleire tufter etter store sjøhus. Ryvarden hadde også sitt naust her. Navnet kjem av at Hardingane ofte brukte denne hamna på si reise til og frå Haugesund med varer.

På høgda halvvegs ut til fyret har du flott utsikt over landskap og hav. Her var det at det skjedde ei tragisk ulykke julafta i 1863. Ein bakarsvein og butikkbetjent gjekk seg vill her ute i ein forrykande snøstorm, etter å ha vore på fyret med julemat. Begge gjekk utfor bergskrenten på venstre sida av vegen. Butikkbetjenten klarte, sterkt forslegen, å ta seg fram til folk. Den andre blei funnen død neste dag.

Den merka løypa byrjar ved utemarksgarden like ved Ryvarden Fyr. Ein kjem først til Ryvardsvikane (Grautavika, Tonglavika og Djupvik), som er kjent for sine jettegryter og havrekster. Her kan ein finna flaskepostar og mykje anna rart. Deretter går løypa forbi Glissholmane, der bl.a. isabåten Hilma Bissmark gjekk på grunn like før krigen. Båten vart seinare sprengd i eit forsøk på å berga lasta.

Omtrent halvvegs til Lyngholm passerar ein Bloksene. Den næraste er Stora-Blokso, der snøggbåten Sleipner havarerte 26.11.99. Dette er eit av dei mest dramatiske forlis i norsk sjøfartshistorie, der ialt 16 mennesker av totalt 87 omkom pga. drukning eller langvarig nedkjøling.

I Sørevika finn ein rester av ei fiskebu, som tente som kvileplass for Steffen Lyngholm og bror hans, som dreiv med fiske i dette område. Steffen hadde mange ungar, og måtte ofte på sjøen for å skaffa mat til mange svoltne magar. Når han fiska om natta, kvilde han seg i «dimma» (på det mørkaste i sumarhalvåret), for då beit ikkje fisken. Då laga han seg mat på ei byssa, og kvilde seg litt. Det var for langt å ro tilbake til Lyngholm når han skulle nytta tida best mogleg.

Når det står att 1/3 av turen til Lyngholm, passerar ein Landsåt. Dette er det første landemerke ein ser når ein kjem inn frå havet i dette Såtelandet som det kallast. Frå toppen har ein vidt utsyn frå Kvinnheradfjella og Folgefonna til Stord, Bømlo, Espevær, alle øyane vest i havet og til Røvær og Utsira.

Rett etter ein har passert Landsåt, tar løypa ein avstikkar til to gravrøysar like ved Håskru (holmen med fyrlykt). Røysane ligg 25 m frå kvarandre. Den nordre er tidlegare målt til 10 m i tverrmål og 1 m høg. Den andre 4 m og 1/2 m høg. No er røysane tilgrodd, slik at dei ser mindre ut. Her er også ein fin kvileplass og fiskeplass med særs god utsikt. Bukta sønnafor heiter Kvinnersbukta, og skjeret nordafor Lyngroskjeret. Knausen like sønnafor kallast Sjorsåt. På toppen ligg eindel steinar, som må ha blitt borne opp. Dessutan viser framleis ein låg steinmur på 1 x 5 m. Kanskje har her eingong i tida stått ei vakthytte eller liknande? Avstikkar tek 20 minutt.

Like ved utemarksgarden til Lyngholm har løypa nok ein avstikkar til ei stor gravrøys på Tresneset. Tidlegare er røysa målt til 20 m i tverrmål og 2 m høg. På grunn av ungar sin leik i røysa synes tverrmålet og høgda i dag noko mindre. Arkeologar meiner desse gravrøysane er frå bronsealderen, dvs. omlag 3.000 år gamle. Så lenge har det nok ikkje budd fok på Lyngholm. Den første som er nemd skriftleg er Peder i 1649. Avstikkar tek 10-15 min.

Løypa kjem inn på tunet i Lyngholm. Namnet kjem av den vidt kjente holmen som ligg like utanfor. I dag kallast den Storholmen. Lyngholm har vore ei sentral hamn langs skipsleia med gjestgjeveri (med kongebrev på skjenking av brennevin), postopneri, bakeri, handel og båtbyggeri. Det blei bygd over 500 båtar frå eker til 32 fot lange. Dette var bruksbåtar for fiskarar, dei såkalla Lyngholmsbåtane. Båtbyggarane var ikkje like flinke til å bygga hus. Orkanen i 1952 bles ned det uassurerte sjøhuset, og ein epoke var dermed slutt.

Løypa går vidare inn på Lyngholmsvegen, eit par hundre meter frå Lyngholmssundet. Sundet er inga god og trygg hamn, men blei likevel mykje brukt av seglskutene fordi dei kunne «gå segl» under ulike værtilhøve. Hamna er kjent like frå oldtida, fordi den kunne nyttast i alle vindretningar. Vikingane med sine råsegl (tverrsegl) var avhengig av vinden. Hamna var dessutan lett å rømme frå når fienden kom.

Like utanfor ligg Sletto, det mest værharde sjøområde på våre kantar. Lyngholmssundet var ei av dei siste brukande hamnene før dette opne havstykke. Det har vore ei rekkje små og store skipsforlis her. Folk på Lyngholm har opplevd mang ei tragedie opp gjennom tidene. Det første nedteikna forliset var Kong Magnus 7. Eiriksson, Norges og kanskje ein av Europas mektigaste kongar på si tid. Han drukna her ved Lyngholmen saman med 25 av mennene sine på veg til Bergen 1. desember 1374. Lyngholm har også sin Likholme. Den ligg i nordre enden av sundet, og kan ha fått navnet av at Kong Magnus rek i land her.

For snart hundre år sidan låg blandt andre D/S Thor for to anker på «Fle» like utanfor Ternholmen saman med fleire andre båtar. H. O. Sundførs dampbåt var fullasta med folk som skulle isa sild. Det var tidlegare gjordt eit kjempekast på Hellevikjo. Ein forferdelig storm frå nordvest førte til at båtane som hadde lege til ankers, no måtte gå mot Bømlo for tryggare hamn. Under manøvreringa fekk Thor ein annan båt (Frigg) sin ankerkjetting rundt propellen, og dreiv hjelpelaust mot land ved Ternholmen. Sjøen var så grov at omtrent alle omkom. Berre 2 av 41 berga livet sjølv om båten sokk like utanfor land. Dei beste symjarane prøvde å koma seg rundt holmen, men vart ihelslegne mot berget i det forferdelige uværet. Folk på land kunne ingenting gjera for å berga dei stakkars mennene, som kjempa for livet i dei høge bølgene. Mange prøvde fortvila å klamra seg til masta og sildakassane – men til inga nytte.

Innanfor Ternholmen er det sandgrunn. Då været roa seg neste dag kunne folk stå på land å telja alle lika som låg ved sida av kvarandre. Stålbåten vart seinare sprengd, men framleis ligg restar att på havbotn. Det er enno ikkje sett ned minnestein etter denne tragedia, som er eit av dei største skipsforlisa på våre kantar.

Løypa går langs Lyngholmsvegen, og passerer like forbi «Stinehuset» der Steffen budde med kona og alle ungane sine. Her kan ein ta av til venstre og sjå staden der D/S Thor forliste. Dette var før moloen vart bygd. På bakketoppen lenger framme tar løypa av mot Grøndalen, som opprinnelig var ein husmannsplass under Rødmyr. Her har det budd folk sidan byrjinga av 1800-talet. Den første me kjenner til var Johannes Bårdson frå Imsland. Han var gift med Anna frå Rødmyr (Rygmyr), og dei fekk tilsaman 11 born. Det er dei som har dyrka opp myra, som no igjen er grodd til. Han fødde 3 storfe og 10 smale og sådde 2 tønner havre og 1 tønne poteter. I 1916 blei Grøndalen utskilt som eige bruk. Garden tilhøyrte seinare Vikjo. Løypa går i øvre kanten av det som eingong var dyrka mark.

Turen går forbi restane av utemarksgarden på husmannsplassen i Vikjo. Her er no bygd hytte, og løypa går utanfor. Vidare går løypa forbi murane etter løa på plassen, som ligg like i skogkanten. Deretter nordover i retning bustadhuset i Salhusvig eller Søllesvig som det tidlegare vart kalla. Namnet kjem truleg av at det har stått eit sælelhus her i gamal tid. Slike sælehus vart bygd langs kysten med 1-2 dagsreiser mellom. Her kunne reisande ta inn og overnatta, koka mat og stella seg. Undervegs kan ein ta ein kort avstikkar mot vest til eit utsiktspunkt over bl.a. Hellevikjo. Den næraste bukta vert kalla Teinevikjo.

I tidlegare tider budde det ein spedalsk her ute i Vikjo. Navnet hans var Anders Olsen, og han skulle betalte 4 Skilling i bygselavgift. Istadenfor å betale leige, blei innhegninga rundt stova stadig utvida. Seinare krevde Jocum Sjursen eigdeomsrett til stykket. I ein gamal utskiftningsforretning blei det avsagt slik dom: «Salhusvigen forbliver i samme Besiddelse som før i Jocum Sjursens Fader Sjur Reiersens Levetid, efter hvilken den tilfalder Bruget Eltervaagnæs, og Husene i den bortføres og Tomterne ryddiggjøres inden første Faredag etter Sjur Reiersens Död, – alt under Tvang efter Udskiftningsloven». Derfor fins det ikkje lenger så mange spor etter den spedalske. Men alt blei ikkje fjerna. Du kan enno sjå husmuren og den murte innhegninga viss du går rett over Vikavegen der løypa er merka, og fortset halvvegs ut på andre sida av Vikjo. For dei som er komen hit, er det lettast å følgja stien som går frå nausta og opp til riksvegen, like nordafor Vikavegen.

Vikjo har også opphavelig vore ein husmannsplass under Rødmyr. Eigedomen er no overtatt av to av etterkomarane etter den driftige Reinert Nesheim (Vikjo), som budde her tidlegare. Husa er eksemplarisk restaurert, og det er igjen ei oppleving å koma ut hit. Løypa går vidare langs Vikavegen og følgjer riksveg 541 gjennom Eltravåg. Frå Lyngholm til ein kjem inn på riksvegen tek det 20-30 minuttar.

Garden Eltravåg er ein av dei eldste i kommunen. Nyleg er det funne ein eldgamal steinalderbuplass på 250 m2, samt steinøks og slipestein som er tidfesta til mellom 7.000 og 8.000 år gamle. Dette er stein frakta frå den kjente Hespri-holmen utanfor Espevær. Dengong låg buplassen i strand-sona. Funnet er gjordt like ved svingen der ein har utsyn over Vågen. Det er også tidlegare gjordt funn av steinøks på denne staden.

I Eltravågen var det stor aktivitet før i tida. I 1668 er det skrive: «….teneleg Agger, tynd Eng och feehagge. Neer Söen Med Quernhus och daglig fiskerj.» Den første brukaren me kjenner til er «Oluff po Eltheruoeg» på 1500-talet.

Vågen har vore hamn for mange båtar som har drive fiske. Her er det laga tønner og salta fisk opp gjennom åra. På det meste var her to handelsmenn samtidig, bakeri, postopneri, anløp av dampskip og fergeforbindelse til Bømlo og Tjernagel. Den siste butikken blei nedlagt i 1970. No blir omtrent alle husa i Vågen brukt til fritidsbustader.

Turen går vidare nordover langs riksveg 541 forbi Kvernenes, Leite og Årstad. På Nordbø kan ein ta inn på gamlevegen som går til Nesheim. Vegen blei bygd frå Eltravåg av tyskarane under 2. verdenskrig for å transportera materiell til festningsanlegget. I bustadhuset på Årstad held den tyske adm. til før Nesheim blei utbygd. Framleis kan ein sjå dei nedslitte dørstokkane etter soldatane sine hæljern.

På bakketoppen (skilt Nesheim) følgjer løypa gamlevegen paralellt med nyevegen (alt. 1). Alternativ 2: Du tar til venstre 60 m sønnafor skiltet «Nesheim», og tar deretter av på gamle festningsvegen mot vest. Stien går like forbi tre kanonstillingar med flott utsikt over Bømlafjorden. Vidare forbi kommandosentralen og under-offiserbrakka i Djupedalen, som seinare har vore nytta til hytte. Like i nærleiken er det skote ut eit tilfluktsrom i fjellet. Festningsanlegget bestod av i alt 8-10 kanonstillingar, offiserbrakker, spisebrakke, opphaldsrom for 250 – 300 soldatar, tilfluktsrom og bunkersar. Omtrent alle bygningar og skyttarstillingar var bundne saman i eit tunnellsystem, der ein delvis kunne gå oppreist utan å synast frå lufta. Informasjonstavle er plassert ved den midtre kanonstillinga.

Det er enno mange bunkersar, tilfluktsrom og skyttarstillingar å utforska for nyskjerrige ungar i dette området. Men vær forsiktige! Fleire tak står i fare for å falla saman dersom ein går oppå dei. Frå festningsverket kan du vidare ta ein avstikkar til Skjervikjo, ei uvanlig vik med mange rullesteinar, jettegryter og rikt fugleliv. Langs sjøen er det gode fiskeplassar.

På Nesheim går løypa like forbi det gamle bustadhuset og løa, vidare forbi Rundetjørn og Kvernatjørno. Her finst det eit rikt fugleliv med bl.a. svaner, ryper, viper og orrfugl. Løypa følgjer riksvegen eit kort stykke, og går vidare langs gamle-vegen til Hovda på austsida, der den kjem inn på Gullstien. Om Hovda er det tidlegare sagt at den hadde «god Ager, tynd Eng, ner fiskerj men har farlig Lending». Hovda var tidlegare ein storgard etter våre forhold, med tilhøyrande husmenn. Bustadhuset var t.d. mykje større enn det som var vanleg, og småkårsfolk fortalde at soveromma på Hovda var store som stover. Huset er no framifrå restaurert, noko ein kan studera ved sjølvsyn sidan løypa går like i nærleiken.

Frå Vikavegen til Hovda: 30 til 40 minuttar.

Nordsjøløypa går vidare ned til riksvegen, og følger denne nordover til løa på venstre side. Løypa følger gardsvegen fram til bøgarden. Herfrå tar løypa ein brå sving i sørvestleg retning, og følgjer meir eller mindre garden eit stykke. Lenger framme tar stien meir vestleg retning utetter Hovdaneset. Herfrå er det vid utsyn utover Bømlafjorden.

Ute på neset er det restar etter gullgruver. Allereie i 1873 vart det funne gull i kvartsårer her ute, men det førte ikkje dengong til gruvedrift. Vestlandske Grube Compani vart skipa i 1884. Selskapet gjorde avtale med eigarane om leige av grunn, og bygde bl.a. demning, vasshjul, knuseverk og smeltehytte.

Den gullhaldige steinen vart henta opp og frakta med båt til Buavåg, og knust der. Her vart steinen tatt på land og frakta i vogner til knuseriet. Etter at steinane vart knuste, vart gullet tatt ut med kvikksølv i smeltehytta. Men gullinnhaldet var lite, og berre 9 år seinare var det slutt. Gruveselskapet gjekk konkurs, og drifta vart nedlagd. Sidan gruvedrifta var kort, er det ikkje så mange spor att. Utstyret vart seld, demontert og frakta bort. Det mest synlege som står att er den fine oppmurte stemmen i nordre enden av Buatjørn.

Nordsjøløypa tar ein sving ute på neset, og dannar ei rundløype attende i retning Hovda. Eit stykke vest for utemarksgarden tar stien nordaustover i retning Buavåg. Løypa kryssar riksveg 541 to stader, og følgjer dalen ned til Buavågen. Her står m.a. eit tohundre år gamalt sjøhus, som har vore brukt til sildesalting, bøkkarverksemd, butikk (med brennevinsløyve) og bustadhus. Løypa følger vegen til Buavåg fergekai.

Lengd ca 2,5 km. Tidsbruk ca 1 time.

Tidsbruk totalt 3 til 4 timar utan pausar og avstikkarar.

12/02
Kjell M. Bua
Eltravåg